Mellom bakkar og berg


Hei og hå!


I dag var eg på årets første tur på Rotsethornet!



Sooo blid og fornøgd over fin utsikt og fint vér!


Appropo fint vér, så ser vérmeldingane for Volda slik ut den komande veka:
Sol og oppmot 21 grader i skyggen. GLEDE! 




Sol og varme er kanskje ikkje så bra når det er eksamensperiode og folk flest sit inne som dette: 


I morga blir eg nok sittande slik, MEN frå tirsdag til torsdag skal eg på tur med klassa mi til Velleseter! Toppturar + fint vér + fine folk = ubeskrivelig.


Eg var også på Ivar Aasen-tunet i dag og kjøpte meg verdens kulaste sports-BH! 

:D 

Og til slutt legg eg ved eit 17.mai bilde av den fine familien min:) 




Eg har hatt ei fin helg. Har du?  
 

Prioritering

Hei og hå!

Lesing til eksamen og mykje trening er nok grunnen til at det har blitt så lite tid til bloggen i det siste. Livet handlar om å prioritere, slik er det berre ;) Øvar og leser stort sett om morgon og på dagtid, med den kjekke kolokviegruppa mi, Siri og Aurora. Om ettermiddag og kveld bruker eg mykje av tida mi på TREN. Og i morgon startar det nye konseptet; Sh` Bam! Gledar meg voldsomt ! Har testa ut noken kombotimar, der eg har fått ein smakebit, men i morgon er det ein rein Sh` Bam time! Det blir gøy! 

Innimellom har eg hatt litt tid til å vere sosial med kjekke folk! Blant anna tapas-kveld med ein kjekk gjeng frå klassa, og kosekveld med god mat og scrabble med Ida, Ida og Martine :)
Lørdag tok også eg, Marthe og Jonny oss ein liten fototur! Det er så kjekt å dele fotogleden med andre fotointerreserte, og for å få motivasjon igjen! 

Vi tok bilder både inne, 


og ute..



Har du prøvd Sh` Bam før?
Likte du bilda?  

I konfirmasjon

I helga har eg vore i Bremanger. Søskenbarnet mitt, Mari, konfirmerte seg søndag. Eg har ikkje vore i Bremanger sidan november (tida har gått så fort i år..!), så det var veldig kjekt å kome tilbake til min heim nr.2, og ikkje minst sjå igjen familien!



Her ser du eit bilde av gården. F.v. Bestemor sitt hus, garden, huset til onkel, og våra hus -> gulehuset.

Lørdag regna det og begynte å snø i fjellet. Men søndag derimot vakna vi til dette: 

Vårstemning! Knallblå himmel og 15 grader. Deilig! 

Etter sermonien i kyrkja for eg og Mari for å ta konfirmasjonsbilete, før vi vendte snuta mot Kalvåg og Knutholmen for å ete middag. Og det må berre seiast: Middagen var himmelsk! Hummar til forret, indrefilet av okse m/fløtesaus og grønsaker til hovudrett,  og til desert panakotta og mangosourbet :) Etter ein lang og god middag med sang, video og kjekke folk, for vi tilbake til gården for å fortsette selskapet der med enda meir søtsaker -> kaker! I går var eg eit kakemonster. Det trur eg alle var. Det var så mange gode kaker! Men skal på tren igjen i dag da (bodyPump og SpinnInterval), så det har eg ikkje dårlig samvittighet for ;-)






Heile familien i bunadar!! Astrid, Guro og pappa i sunnmørsbunadar, mamma i sunnfjordsbunad og eg i nordfjordsbunad. Eg arva min etter bestemor i fjor. Så eg er så heldig å ha to bunadar: Både sunnmørs- og nordfjordbunad. 



Fellesbilde. Eg og  bestemor ytterst til høgre, konfirmanten fremst nr. fire frå høgre. 


Så eg har vertfall hatt ei fin helg! Har du? 

 

Fin start på dagen!



Eg elskar at eg kvar morgon blir vekt av The Voice! I dag vakna eg til "På tide av å stå opp" med vinni, noko som passa bra. Eg vakna heilt utkvilt - deilig. Så då hoppa eg ut av senga, heiv på meg treningskleder og åt litt, før eg for på morgonspinn etterfulgt av litt styrketrening. Finfin start på dagen :)

Etter enda meir mat og ein forfriskande dusj er eg klar for å lese litt og gjere andre duppedittar. Eg skal blant anna pakke kofferten, for reiser nemleg til Bremanger i dag! Mitt kjære søskenbarn, Mari, skal konfirmerast på søndag! Det blir kjekt! Gledar meg veldig til å bruke bunad! Elskar å bruke den:)


Mari og Guro fremst, så Lene og Meg, så Astrid bakerst. Koooseli bilde :)


God helg! 

Litt av kvart

Dagen i dag har gått utruleg fort! Av og til lurer eg på kvar tida blir av. Eg har ordna opp i mange små ting, som i seg sjølv ikkje tek så lang tid, men som er godt å få ut av verden. Tida flyg av gårde når ein held på med slikt!

Når eg kom heim frå biblioteket blei eg møtt av verdens sjønnaste Øyvind-Olai, som var veldig gira på å vaske! Noko tanta selfølgelig vart veldig glad for ;) Ein skal tidlig krøkast!




No har eg fått i meg ein god porsjon middag, så ventar eg kun på at maten skal "synke", så fer eg på trening! Skal på spinn50 og styrke45. Det blir gøy! Så håpar eg berre på at formen er bedre i dag enn i går, då eg skulle på skitur, men måtte gi meg eit stykke før toppen (Nordre sætretind), pga. svimmelheit. Men det var sikkert berre pga. for lite mat og drikke.. Noko som ikkje skal vere noko problem i dag:)

Her er eit bilde av den fine utsikta litt før eg måtte gi meg! Du ser Sylkallen fremst og Hjørundfjorden. Berre så synd eg blei enda meir svimmel når eg såg på den.

Eg elskar verkeleg vinterfriluftsliv, men gud som eg gledar meg til fine turar i sommar og til hausten! Det tenkte eg på når vi minst brukte ein time ned igjen frå dette fjellet. Delvis på grunn av svimmelheita, men også på grunn av den tunge og våte snøen som var ganske so vanslelig å køyre i. Så bestemte meg igrunnen for at framover blir det mykje vår-aktivitetar som sykling og gåturar :)



Kva årstid likar du best i friluftsliv-samanheng? 
 

Bursdagstid

Føler at april måned er ein einaste stor bursdagsfest! Dag etter dag har kjendtfolk bursdag. Bursdag er koselig det! Faktisk berre 130 dagar igjen til min bursdag. Hørest jo eigentleg lenge ut, men er det ein ting eg har lært her i livet, så er det at tida går fort.

I dag har Marthe-mora bursdag! Er ikkje så ofte eg får sjå ho lenger, sidan ho bur i Førde. Så då var det ekstra koselig at ho var heime på bursdagen sin, slik vi fekk møtast og feire litt :)

Her poserar solstrålen forran gåvebordet og bursdagskaka ;) 

GRATULERER med 20(!!)-årsdagen, Marthe! 


Tidligare på dagen feira vi Astrid og Endre (systa og kjæresten hinna) som har bursdag 28. og 29. april. Sidan vi er vekkreist i konfirmasjon i helga, passa det best å feire dei i dag :) 
Dei hadde stelt i stand NYYDELEG grillmat og i tillegg laga til kjempegod kake og cupcakes :) 








Elles i dag har eg hatt ein effektiv dag på skulen. Gruppa mi fekk skrive ferdig, og levert inn praksisrapporten - deilig! Så har eg også vore å svømt i svømmehallen. Elskar svømming altså! Ein merkar verken at ein svettar eller blir så sliten. Men god trening er det :) 


Har du hatt ein fin dag? 
 

Kveldstur på Melsen

Det blei ein lang dag på skulen i dag! Så då var det ekstra deilig å ta seg ein fin og forfriskande kveldstur på Melsen (Melshornet) saman med Mali og Lise i klassa mi! Det var heilt vindstille på toppen, så vi sat der lenge og såg på den fantastiske solnedgangen. 




Mej og Mali
 

Presentasjonen på skulen i dag gjekk forresten veldig bra! Så no gledar eg meg til å høyre dei andre framføringane i morgon og onsdag. Etter skulen i morgon tippar eg på at det blir ut på tur igjen - sidan det har meldt fint vær i morgon også:) ELSKAR at det er så mykje finevær her om dagen! Det er faktisk luksus med sol for ein sunnmøring.! 

 

Fin helg

I går var eg i selskap til Ingeborg, som feira sine 20 år! Det var ein superkoselig kveld med god mat, mykje snakking, råning og Rokken-tur. 


Maten Ingeborg serverte oss i går kveld! 

Det var nammis! (tillater meg å dele oppskrifta eg, Ingeborg!;))
- Steik charlottløk og vårløk, deretter cherrytomatar. Legg det til side, medan du steiker kyllingen (som er salta og pepra). Når kyllingen er ferdig steikt legg du alt opp i panna igjen. Til slutt legg du opp i basillikum. Serverast med pasta.  <-- Ambefalast!




I dag var eg og mamma på trilletur med Øyvind-Olai! Deilig å nyte det fine vår-været vi har her i desse dagar!
Etter trilletur og god middag, sola eg meg litt, før eg for på skulen. Har jobba med ei framføring eg og (femunds)gruppa mi skal ha i morgon! Etter framføring skal vi nok på skitur! Er nemleg meldt fint vær i morgon også! Glede :)


Har du hatt ei fin helg? 

Gratulerer med dagen!

Vil så gjerne gratulere mi kjære Ingeborg med 20 årsdagen!! 

Tusen takk for at du er så fantastisk, kjære deg <3

Gledar meg til å feire deg i morgon(i dag) !! 


Ingeborg og meg på Vallahornet i sommar/haust :)

15 år sidan

17. april for 15 år sidan var ein veldig trist dag. Eg kunne ikkje heilt forstå kva som hadde skjedd, men eg såg mamma grein, så då grein eg med. Eg skjønte vel etter kvart at bestefaren min, som stod meg veldig nært, var død. Kun 63 år gamal.

Han var frisk som ein fisk, før han nokre få måndar før han døde fikk ein alvorleg kreftsjukdom. Huska at han fikk veldig vondt i tåa ein gong eg tråkka på han. Eg visste ikkje kvifor då, men i ettertid forstår eg at det var beinsmertene kreften gav han. Men han ville ikkje seie noko til meg då. Tapper som han var. Han ville beskytte oss.

Kvifor måtte min bestefar døy så tidleg? Han 63 år, eg kun 5. Eg ville ha ein bestefar eg. Ein som tok meg med på butikken for å kjøpe så mykje godteri eg ville. Ein som tok meg med i fjøsen for å ri på stutar. Ein som trøsta meg når eg var lei meg. Ein som holdt meg i handa. Ein som gjekk tur med meg langs vegen. Eg ville ha ein bestefar eg. Ein som gjorde dette med meg. Slik som vi brukte. 





Saknar deg bestefar <3 
 

Les mer i arkivet » Mai 2012 » April 2012 » Mars 2012
hits